16.03.2008

Bobledraum av Jan Ove Ulstein.


Eg bur inni ei boble

På veggen heng ei sol

Eg svevar lett i romet

Eg høyrde katt som mol

Og romet har eg fora

Det skimrar fargeglad

Og alle dei som ser meg

Dei ser at alt er bra


Eg er ein vektlaus ting

Eg er ein regnbogering

Eg har ei boble om meg

Sjå venleg på meg, føl

Å kjære ikkje stikk meg

Men la meg vanke sjøl


Eg bur inni ei boble

Eg har eit fargeskrin

Ein regnboge i vatnet

Og der er draumen min

Eg drøymer om å leve

Så rikt i vektlaust rom

Så berre sjå meg sveve

Men kjære ikkje kom


Eg er ein vektlaus ting

Eg er ein regnbogering

Å kjære ikkje stikk meg

Då brest det alt i hop

Og veggar slår omkring meg

Det endar med eit rop


Då bur eg i ei tåre

I ope fargeskrin

No kan eg røre vatnet

No kan du kome inn

Då må du dele romet

D' er uten veggar her

Og ingenting om-kring meg

Å kjære - høyr eg ber


Eg er ein vektlaus ting

Eg drøymer regnbogering

Eg har ei tåre i meg

Slik har eg drøymt det godt

Eg berre blås ei boble

Det var så florlett, flott.


Ingen kommentarer: